Å manipulere er utspekulert og underfundig. Det er blitt så vanleg i samfunnet vårt at det er blitt daglegdags. Men det er stygge negative krefter som gjer vondt på langt sikt. Kvardagsmanipulasjon kan vera ganske uskuldig, men ein bør likevel kjenne etter om det er til å leve med. Eller kanskje aller best bli uavhengig manipulatoren sine lange trådar, og unngå å bli fanga i nettet.
Manipulatoren påverkar i det skulte med finurlege metodar for å fange sitt offer. Bevisst strør dei gjerne på med ei løgn og to for å oppnå målet. Og dette gjer det så vanskeleg å oppdage, for normalt sett er relasjonar basert på tillit. Manipulering kan skje i årevis utan at ein skjønnar det. Sanningar vert snudd på hovudet og nye bilde vert skapt som ikkje stemmer med eigen verkeleghet. Og ein blir forvirra. Det er lett på å misse trua og tvile på seg sjølv. Ein krympar og blir mindre. Kan ikkje skjønne at andre lyge så openlyst og tviheldt intenst på løgna derfor lar ein det passere eller tar ansvar for misforståinga. Men ikkje desto mindre er sjokket å gjennomskode spelet. Det er ei stor oppdaging å oppdage manipulasjon. Kunsten er å stå fast i eiga kraft og tru på seg sjølv. Og stole på seg sjølv. Lytte til det som resonnerer med hjarta fordi vi er utstyrt med antenner for å fange opp denne resonansen. Og tru på den indre klangen fordi om den er usynleg og lite handfast. Å manipulere er å misbruke andre menneske, derfor bør ein verne seg sjølv.
Vi er blitt manipulert over lang tid både som enkelt menneske og i samfunnet generelt. Men til fleire som vakne opp og blir bevisst, til mindre vil det fungere. Kunsten er å avdekke og gjennomskode manipulasjon for å bli fri denne mørke styggedomen og skape meir lys i samfunnet.