Det er ein hovudstraum av nyheiter utan sidestykke. Men mangfaldet er borte. Fullstendig blotta for motargument og diskusjon. Alle meiningar på tvers av hovudstraumen vert fjerna eller dyssa ned. Lesarbrev vert sensurert av betrevitande i avis redaksjonen eller sosiale medium stoppar innlegg dei definerer som usanne. Slik er ytringsfridomen vår gradvis smuldra bort.
Det er interessant med ulike vinklar av ei sak slik at djupna i saka kjem til overflata, og vi lettare kan skape vårt eige bilde og meining. Men no er mainstream nyheitene blotta for motførestillingar og generell informasjon. Dei store demonstrasjonane mot vaksinen i London mangla omtala hos oss. Demonstrasjonar i Frankrike er berre så vidt nemnt. Og vaksinepass blei innført i Italia utan eit ord i norske media. Og det er ingen offentlege refleksjonar om at smitten aukar i takt med mengde vaksinerte. Kanskje Montagnier som mottok Nobelprisen i fysiologi kan gi svar, men informasjon er skrelt bort av massemedia. Det einaste vi får servert er fjørlette krusningar på overflata og populært stoff om å bli lukkeleg eller tynn eller rik eller sunn og mengde regnbyer og hetebølgjer. Eit djupdykk i eigarstrukturen i media verden er skremmande oppdaging fordi eit knippe menneske snart kontrollerer alle kanalar. Derfor er det muleg å dekke over informasjon og forvri sanninga og drive propaganda. Eit bilde av ein tre-åring som fekk vaksine sende tankane over på gamle bilete av utsvelte spiltynne barn med stor mage i Afrika som spelte på samvitet til menneske for å samle inn pengar. Pengar til mat som forsvann i våpen.
Vi er mange som har ei kjensle av å bli lurt trill rundt av massemedia. Kunsten er å kjenne den indre resonansen og kva som svingar i takt med vår eiga sanning. Og skape si eiga subjektive meining på tross av den kontrollerte informasjonen vi får servert.