Det er mange skinnande lyspunkt på jordkloden i dag. Både nært og fjernt og over alle kontingent står menneske opp for å stråle lys utover og tenner håp for å styrke gode krefter i samfunnet. Håp bringer lys inn i livet. Det er mørkast før dagen gryr.
Vi er alle lyskastarar for dei rundt oss og kan løfte andre opp med å vera ekte godhjarta og syne hjartevarme. Og spreie glede rundt slik at andre blir i godt humør. Kroppen er ferskvare derfor varierer intensitet på lyset frå dag til dag. Mørke dagar med tung sinnstemning dempar lysstyrken. Men lyset sloknar aldri. Kunsten er å skru på lyset. Slik at vi blir opplyst. Eit barn er eit strålande lys når det blir født. Så blir det nedtrykte i møte med verda og lærer frykt og får emosjonelle sår. Mørket er ein kontrast i oss for å oppdage lyset. Vi famlar i mørket og leitar for å finne ut korleis lyset kan skinne gjennom alle lag med grums. For å bli sterke og skinnande og klare. Og det er her nøkkelen ligger gøymt, å knekke koden for å finne tilbake sin sanne essensielle identitet. Slik at gleda strutte og vibrerer og spreier seg til alle cellene i kroppen. Kunsten er å opne hjarta og vera villig til å gå hjartevegen for å leve i tråd med seg sjølv. Lyset er essensen i livskrafta. Det skal så lite lys til for å opplyse det mørke.
Alle kan velje å vera eit strålande lyspunkt og vera med å skape eit nettverk av lys over jorda. Kunsten er å tru at lyset finnes og la lyset skinne frå innsida og utover. Til meir lys til lysare blir det.