Tida flyr, den spring av garde i forrykande tempo, det går fort, alt går fort, heile samfunnet rullar rundt i heseblesande tempo. Brautande travle armer forventar jobben skal gå unna i eit knips for så å gå vidare til neste mål. Pressar seg fram for det er jo ei allmenn tru at den som masar lenge nok og høgast kjem fortast gjennom. Dei sterkaste sin rett, ser ut for å ha blitt ein menneske-rett.
Kassakøen går på løypande band. Det er ikkje rom for at kunden, eit menneske faktisk, kan stoppe opp for å sei nokre ord. Dessverre. Det er berre å gjere seg klar og puste djupt når det er min tur, slik at eg ikkje sinkar nestemann i køen eller lagar støy eller propp i systemet. Alt går fort, det susar forbi. På randa til samanbrot. Heile samfunnet spring i høgt tempo for å vera effektiv, for å skape verdiar. Ser berre fartsstripa i lufta etterpå av tida som raser i veg.
Eg vil av karusellen som spinn i samfunnet, eg vil ta meg tid til å puste innimellom slaga. For det er jo pusten vi lever av. Bremsene ligg i pusten, det er berre å stoppe opp, puste rolegare og ta den tid en treng. Og observere seg sjølv i firsprang gjennom dagen. Kunsten er å puste frå djupet av seg sjølv. Tida er ein illusjon, medan pusten er det verkelege livet.