Vi er alle i ein livssituasjon. Ein situasjon som omkransar og dansar med oss gjennom dagen. Det livet vi lever og er midt oppi. Ei ytre ramme og ein tilstand som skal gjennomlevast. Alt gjentar seg inntil ein oppdagar kva lærdom ein skal lære og erfaringa sit under huda. Ingen kan rømme vekk frå situasjonen.
Det er mange ulike situasjonar og dei kan kontrollere livet fordi ein trur det er det ytre som skal endrast for å bli fri. Mange lengtar seg bort frå situasjonen og utset inntil vidare å leve til ein får ny jobb eller nytt hus eller ny partnar. Ein situasjon full av lengsel. Eller ein situasjon full av liding. Nokon hamnar oppi ein hjelpelaus situasjon. Andre får sjukdom som nesten knekker og det er berre trua og håpet som heldt motet oppe. Det er ofte i motgang ein grave seg djupare innover i seg sjølv og fjernar blindsoner i sjela. Det triste og vonde er også ein del av livet som skal gjennomlevast for å fylle ut det mangelfulle slik at ein blir heil.
Alle situasjonar er lærdom og det er akkurat situasjonen i dag som er den rette for å utvide bevisstheten. Kunsten er å oppdage at situasjonen er spesialsydd og skapt til kvar enkelt. Den vil bli oppdaga og oppeten og oppslukt. Forløyse seg og reinske ego-et. Når den indre prosessen er fullført så fell det ytre skalet bort. Kunsten er å skilje mellom seg sjølv og situasjonen. Ingen er ein situasjon.