Alle har ein livssituasjon. Den situasjonen som livet heng fast i, det vi lever kvar dag og dag etter dag. Men ofte er dagen omtåka av lengsel om noko anna. Vi lengtar etter forandring på jobben eller ny jobb eller flytte langt bort eller å få barn eller finne ein himmelsk partner. Livet står på vent for å bli levande når berre situasjonen endrar seg.

Å løyse seg frå situasjonar tar tid. Ein startar i det små med å rydde plass og skape rom slik at nye situasjonar får plass til å utvide seg. Små steg kvar dag fører til transformasjon og andre situasjonar. Mange handlingar kan vera ein blindveg, men det kan vera rett likevel fordi all rørsle skaper noko nytt. Kunsten er å gripe sjanse til forandring når den byr seg fram. Og lytte til kroppen kva som er rett til rett tid, for kroppen er hundre prosent ærleg og til å stole på.

Det er ikkje situasjonen som skal bort, det er ein sjølv som skal renne ut av situasjonen. Som eit foster forløyser seg frå mors liv. Og det skjer. Nokre gonger er det fort gjort, andre gonger tar det lang tid. Kunsten er å leve undervegs og stole på at livet gir det ein treng til kvar ei tid.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.