Livskvaliteten til menneska vert stadig stramma inn og for mange er den minkande. Utan god livskvalitet blir livet trist og grått og monotont, Og ein blir likegyldige. Eg føler det finnes mørke krefter rundt oss som faktisk ikkje vil menneskeslekta godt. Og dette er system som tappar livskvaliteten ut av oss.

Vi har gradvis tapt livskvalitet under pandemien. Den har tatt jerngrep over alle menneske i verda og stramma inn fridomen. Avstanden til andre medmenneske er blitt lang fordi om det er livsviktig for oss å ha nærleik og kjenne varmen frå kvarandre. Vi er sosiale og kan ikkje overleve utan. Under normale forhold strider det mot sunn fornuft å akseptere slike reglar.

Men dei kan fort bli like varige som etter terror angrepet 11. september 2001. Kontroll og strenge rutinar på flyplassane er stillteiande akseptert. Ingen har vurdert å lette på tiltaka fordi vårt mentale sinn er blitt knødd og knadd slik at vi heller går likegyldig forbi.

Overvaking av menneskeslekta er usynleg og gradvis implementert i alle krinkelkrokar over heile verda. Vi er overvaka ned til minste detalj. Informasjon blir lagra i komplekse datamaskinar med kunstig intelligens, og jobbar stille i bakgrunnen. Slik blir vår evne til å tenke sjølv gradvis tatt frå oss. Og hjelpelause heng vi som ei marionett i hendene på overmakta der multidimensjonale selskap er i ferd med å bryte ned vel fungerande samfunn. Og fjerne individet sin fridom.

Styresmaktene gjer ofte meir for å undertrykke menneskeslekta enn å hjelpe. Vi blir fora med mat full av kjemikaliar. Fordi om alle veit at det naturlege ville vera å legge til rette for naturleg mat.

Dei byggjer ned naturen og stader til å vandre fritt og finne kvile i naturen minkar. Og misbruker Moder Jord sine ressursar. Vi er flaska opp til å tru at pengar gir innpass til all lukke og vi er vår eigen lukkes smed. Samfunnet har utvikla aksept for at menneske kan gjere usle og vondskapsfulle handlingar utan å få konsekvensar. Kunsten er å innsjå at å leve i slike system tar livskvaliteten frå oss.

Dersom verdens styre og stell hadde vilja skape ein varm klode er det fullt mulig. Der vi ser kvarandre og vil kvarandre godt, der alle har mat og hus og slepp svelte og ingen lever under uverdige leveforhold. Alt er mulig viss ein vil. Vi får håpe systema rotnar på rot og at reisverket fallere frå innsida. Kunsten er å vera autentisk med seg sjølv slik at vi kan stoppe kreftene som tar livskvaliteten frå menneskeslekta. Og finne tilbake ein grunntone av glede.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.