Vi er alle deltakarar i livet sitt spel der vi flyttar brikkene rundt i samspel med andre. Undervegs i spelet blir vi rivne med i heite slag og kan misse oss sjølv. Ein respektlaus kommentar kan utløyse latter og smil, og neste trekk i spelet er å le med og gjer seg sjølv liten og dum. Eller bli stolt som ein hane og markere sitt territorium. Og stenger ute eller rettare sagt inne, undertonen av ei vond mindreverdig kjensle.

Det er fort gjort å spele ut gamle mønster der fortrengt kjensleenergi ligg som tett tåke og gjer sikten uklar. Energien er overalt og bind usynlege band mellom menneske. Kjensla er sjela sitt språk for å vekke opp det som ulmar på innsida. Å setje ord på kjensla gjer sikten i tåkeheimen klarare. Kunsten er å trekke seg litt på avstand og observere spelet frå annan vinkel og få eit overblikk.

Å vera villig til å endre seg sjølv kan avslutte gamle spel med frykt og misnøye og avvising og andre sterke reaksjonar. I mitt spel definerer eg mine reglar. Og du kan endre dine reaksjonar og spelereglar. Slik kan vi finne nye spelekompisar og støttespelarar. Livet sitt spel er eit enkelmannsføretak der kvar enkelt har ansvar for å skape eigne fungerande spelereglar. For å spele bevisstlaust etter andre sine reglar er å gi krafta si bort. Å vera autentiske med seg sjølv og stole på den indre stemme er første regel for eit reinhårig spel.

Vi er alle her for å spele på lag og lære spelet. Og det utspele seg om igjen og om igjen og blir repetert til koden er knekt. Det gamle er borte og det nye vekse fram. Kunsten er å gjennomskode emosjonsspelet.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.