No skal eg spør eit djupt spørsmål: «Er det du som lever livet eller er det livet som lever deg?
Vi har vel alle erfart at ting blir noko anna enn ein trur. Uventa ting dukkar opp og lagar krøll i planen for dagen. Og ein improviserer etter beste evne. Eller noko berre skjer fordi det skjer så fort, det skjer automatisk, bevisstlaust, utan varsel og bjøller som kling. Det var dumt det skjedde, men for seint å snu når det er gjort. Eller store tilfeldige milepælar i livet stakar opp retninga for framtida. Og livet kan endre seg brutalt og fort. Med eit knips bli snudd på hovudet. Ei ulykke. Eit dødsfall. Ein sjukdom som dukkar opp. Noko langt utanfor tankevidda då ein gjekk ut av døra om morgonen, men er ein realitet når ein kjem tilbake. Ting berre skjer. Det som ikkje skulle skje, det skjedde utanfor all kontroll. For livet lever sitt eige liv.
Livet tar styringa og styrer vegen, og vil lære oss noko. Ingenting skjer tilfeldig. Kunsten er å ta det som kjem og sleppe kontrollen. Slik naturen lar eit frø går gjennom sin fulle syklus utan å kontrollere noko. Det spirer, veks og visnar etter kvart. Alt ein treng å gjere er å la det skje. La livet bære deg, det er ikkje du som skal bære livet. Kunsten er å ha tillit til livet. Og leike med livet. Når livet byr opp til dans er kunsten å flyte med i dansen.