Livet er skjørt som porselen. Og det skjøre treng varsam og respektfull pleie. Kunsten er å verdsetje livet som ein skjertynn porselens vase. Og nyte med fulle andedrag og ømme beundrande blikk. For plutseleg og heilt utan forvarsel kan det falle ut av hendene og gå i tusen knas. Og bli noko anna enn det var for eit blunk sidan.

Livet kan hardt og brutalt rister botn ut av det trygge trivielle. Sjukdom slår ned som lyn frå klar himmel eller ei ulykke snur livet på hovudet eller eit uventa dødsfall etterlate eit stort tomrom. Mange vandrar gjennom livet med lang skulegang, treff sin livskjære partnar, får barn, jobbar og skiftar til ny jobb. Kjem heim om ettermiddagen og fortset i same tralten neste dag. Men manglar lidenskap og meining. Trur vi har eit hav av tid å ta av, og lar dagen renne bort i det uvesentlege. Seinare summerer vi opp høgdepunkta. Det som betydde noko i livet. Det som lever vidare etter oss. Kunsten er å leve intenst og ekte slik at etterorda blir fyldige og varme.

Det er berre eit pust mellom liv og død. Og ingen veit kor tid dagen er der. Det kan skje i morgon eller langt fram i tid. Det betyr i grunn ingenting kor tid det skjer. Det som betyr noko er å leve dagen i dag. Leve i dag for å døy i morgon. Kunsten er å ha ein intensjon med livet og vera hovudpersonen i sitt eige liv. Og vera bevisst kva som er vesentleg i livet og gi det fokus.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.