Lineær og sirkulær tid

Opplevinga mi av tid har endra seg. Det som før var lett å få inn i tidsramma passar ikkje lenger. Eg kan oppleve at tida går veldig sakte, ja den står nesten stille. Medan vekene går fort og året forsvinn i eit jafs. Likevel er tida stappfull med minner og opplevingar. Og forandringar.

No tar eg ting som det fell inn og stole på at alt skjer på rett stad til rett tid. Intensjonen for dagen heng himmelhøgt, og handlingane folde seg ut intuitivt og er i harmoni med livet. Ingenting er planlagt, men alt fell på plass. Før var livet ofte dominert av lineær tid der planar og avtalar hang på rekke og rad på ei snor. Styrt av klokkeslett og ei jernhand med kontroll. Der daglege rutinar gjentek seg og alle opplevingane blir puttar i same boks. Kanskje ein høgtidsdag innimellom beit seg fast i minnet, men elles så forsvann dagar utan inntrykk som eit vindkast i tida. Men det gamle fungerer ikkje lenger. Tida er ny. Eg føler alt ligg rundt omkring på vent til å dukke opp når eg er klar. Ein sirkel. Ei sirkulær ramme rundt det heile. Slik blir livet ei oppdagingsreise i staden for ei tur retur reise i kjent terreng.

Vi opplever rett og slett tida på ein ny måte. Før målte vi tida frå a til b som ein rett strek, men no er tida meir svingande. Tida strekker seg utover og veks og tar stor plass, før den plutselig punkterer og størrelsen er berre ein illusjon målt i klokketid. Ein tidsillusjon der tida går i sakte fart, stoppar nesten opp og så susar den av garde igjen. Kunsten er å knekke koden for å leve i takt med tida.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.