Arbeid som gir makt og pengar blir verdsatt og beundra. Til meir pengar og makt til høgare veks pidestallen. Armane er nesten ikkje lange nok når ein strekkjer seg opp og snakkar om høge jobbar eller bøyer seg ned for å markere dritt jobbane der nede. Medan ærleg arbeid utført med glød og glede vert oversett.
Å graderer ulike jobbar i eit hierarki gir ubalanse i eit samfunn. For alt arbeid er likeverdig arbeid. I eit samfunn der alt er nøsta saman og alle er avhengige av kvarandre er det merkeleg at ein direktør vert omtala i mjukare tonelag enn ei vaskehjelp. Eller merkeleg er det kanskje ikkje når ein ser det i lys av verdiar ein dømer etter. Verdiar som dessverre er allment akseptert. Pengar for eksempel vert omtala med gullkanta ord og folk bøyer seg i støvet og seljer sjela si for pengar på tross av at det berre er eit livlaust byttemiddel som er hendig å bruke i eit system. Eit anna verdival er at stiv snipp og dress og mjuke reine hender framfor ein dataskjerm er meir verdifull enn muskelmannen med møkkete hender og kjeledress. Medan vi overser det viktigaste som er om arbeidet vert ærleg og ekte utført. Gjennom generasjonar har hardt fysisk arbeid vore nødvendig for å overleva, men no har teknikken tatt over jobben, slitet er borte. Men fordomane lever. Djupt ankra fast i status og hierarki. Men alt heng saman. Ein sjef treng hjelp med datakrøll, og datamannen sitt barn er i barnehage og barnetanta treng hjelp å skifte vinterdekk på bilen og bilmannen treng banken når han skal kjøpe hus og bankmannen treng mat og bonden er jordnær men treng kanskje ein sydentur for å fiffe på livet og reisebyrået treng vask av kontoret og vaskedama likar å gå til frisøren for å pynte seg på håret.
Og slik kan ein fortsetje å reflektere over alle tenester som flettar seg inn i kvarandre. Alle er ein brikke i systemet og vi er avhengig av kvarandre. Og vi skal respektere at alle jobbar er likeverdige. Kunsten er å flytte blikket frå pengar og status til å oppdage den jobben som er utført med omtanke og kjærleg glede. Å legge sjela i arbeidet er meir verdt enn nokon kan betale for. Kunsten er å respektere andre sitt arbeid.