Tenk å reise ut i verda med berre ein liten sekk på ryggen som inneheld alt for å overleva. Og erfaring festa på innsida av kroppen tar seg av resten. Dei ung reiser ofte lett, men det er ingen aldersgrense. Alle kan velje å leve eit lett liv. Eit enklare liv. Eit lettvindt liv.
Men vi puttar så mykje oppi sekken. Både emosjonelle sår og undertrykte kjensler, raudglødande sinn med tankar som går varme, materielle ting og jordisk gods som stel krefter og energi. Alt tyngjer i sekken, og kan fort bli ein koffert med overvekt. Ein blir trøtt av å dra på tung last. Små barn frydar seg og hoppar av glede og suger inn inntrykk og lever i øyeblikket, og då skjønar ein at ansvar kan vera tungt å bære. Det ligg som eit åk på skuldrene. Kjenner seg fanga av livssituasjonen og har mista fridommen. Slit livet av seg utan å kome vidare. Heng fast. Fastlåst og ser tungt på livet. Bortforklarer med at tid, pengar eller energi manglar for å bli fri. Men alle er sin eigen fangevaktaren og har ansvar for sin personlege ryggsekk. Kunsten er å stikke hovudet oppi sekken og reinske ut og løyse opp og gjere skuldrene fri. Kunsten er å vera lett til sinns. Når vi er glade og tilfreds så stig humøret, og alt får ein lysare klang.
Kunsten er å reise lett gjennom livet. Rydde bort materielle ting som er i vegen og reinske emosjonelle og mentale sår slik at alt svingar med høgare frekvens.