Alt er rørsle. Og alt forandrar seg undervegs. Ingenting står stille. Men midt oppi er det vanskeleg å sjå. Kjenner seg kanskje håplaust fanga i ein uoverkommeleg situasjon. På sånne dagar er det godt å sjå bakover og sjå dei overvelda endringane som ganske usynleg har skjedd i livet.
Vi seier tida går så fort, men eigentleg går det sakte med sikkert framover. Små endringar kvar dag, umuleg å sjå for det blotte auga. Slik rosa den eine dagen stå i knopp og neste dag struttar ein vakker blom. Utan noko synleg rørsle har den utfolda seg sakte og forsiktig. Slik utviklar menneske seg også, men fordi vi er så nær oss sjølv er det vanskeleg å oppdage. Vi er definitivt ikkje same personen som vi var for fem år sidan for ikkje å snakke om ti år. Det er eit hav av tid i mellomtida som har prega og endra oss. Livet er ein modningsprosess og vi foldar ut nye lag etter kvart som vi går innover. Personleg vekst er å bli sann og ekte og koma nærmare seg sjølv. Gamle mønster frå barndommen dukkar opp og blir testa gong på gong. Det er ein langsam prosess å gjennomskode og ting tar tid å endre. Kunsten er å ta steg for steg og rydde opp i flokane og ta den tid ein trenge. Det er dei indre endringane som røskar opp det ytre livet. Slik kan den største prøvelsen bli den største triumf.
Vi byggjer stein på stein. Sakte men sikkert vokse vi ut av det gamle og inn i det nye. Alt er i rørsle, ingenting er statisk. Kunsten er å stå på i gode og tunge dagar og vera flittig og villig og tålmodig!