Vi går lysare tider i møte det er eg heilt sikker på. Det er så mange strålande menneske midt blant oss, som lyser opp i kvardagen og spreier varme og glede. Og er eit lyspunkt for seg sjølv og andre. Vi menneske blir stadig meir opplyste.
Vi ser lyset i auga til menneske, og vi ser når det manglar. Mørket senkar seg når ein er trøtt og utlada. Mørke tunge menneske manglar utstrålinga og er fengsla fast i ego-et. Rørsla er stivbeint og trong og vondskap kan faktisk piple gjennom. Det er som ei glødelampe med lav energi, den sender ut lite lys. Men lyset blir sterkare til meir straum lampen får. Sånn er det med oss menneske og. Til fleire sperrer ein fjerna til meir energi flyt gjennom kroppen og straumen flyte fritt. Det er inga gudegåve å vera opplyst, alle har ansvar for at sitt eige lys skal lyse. Å få lyset til å stråle er å finne tilbake sin indre balanse. Og smake og leve på essensen i livet slik sola stråle frå si kjelde. Ei aha oppleving openberrar korleis ting heng saman, og ein lyse opp og ser ting klart i lyset. Ein er knebla av kroppen som bærer mørke minner og innlærte handlingsmønster. Kunsten er å slå sprekker i mørket slik at lyset får skinne gjennom. Og vera villig til å fjerne motstand for å bli levande og lett. Eller andre møte ei krise i livet som knuser noko innvendig slik at det sprekke opp og lyset trenger gjennom. Kunsten er å slå sprekker i mørket slik at lyset får skinne gjennom. Å forløyse er å opne opp og ekspandere slik at kroppen blir meir transparent.
Til meir lys kroppen slepper ut til meir opplyst er ein. Og til fleire lampar ein skruer på i huset til lysare vert det. Kunsten er å la lyse sleppe ut. Vi er alle på veg mot meir lys.