La livet arbeide for deg

Alt ein treng kjem når tida er inne. Det er ei tid for alt. Slik er livet si reise, det er ingen vanleg transportetappe frå eine staden til den andre. Men ei reise som omringar alt medan ein sjølv står midt oppi det. Eller inni det. Livet si reise er å transformere seg over til noko anna.

Kunsten er å falle til ro og finne tonen og rytmen i dagen, og ha tillit til livet. Ta ting som det kjem og eit steg om gongen, og arbeide med tilfredshet og full bevissthet og etterpå flytte seg vidare til neste ting. Setje det andre på vent for ein kan berre leve eit øyeblikk i slengen. Slutte å vera slave av tida og planlegge langt framover, men la framtida ta vare på seg sjølv. Slik blir tida din tenar, og du herre over tida. Men vi har ein uvane at vi berre må gjere ditt og datt før vi endeleg kan nyte reisa. Og flyte med. Eller ventar og ventar på at noko skal skje for å bli lukkeleg etterpå. Og slik strevar ein mot straumen og manglar kontakt med livet.

Kunsten er å la livet arbeidet for seg og bli eit med livet. For når ein spelar på lag så kjem signala innanfrå. Eller frå utsida. Kunsten er å lytte til intuisjonen og stole på at bevisstheten rettleiar. Og livet arbeidar medan ein sjølv flyt med straumen. La livet bære deg, det er ikkje du som skal bære livet. Og etter kvart som bevisstheten utvidar seg tar livet meir og meir vare på seg sjølv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.