Nokre gonger er det viktig å minne seg sjølv på dei mest sjølvsagte ting i livet. Som det å stole på folk for eksempel. Og sjølv vera ei stødig brikke andre kan stole på. For denne usynlege kvaliteten bind saman og skaper trygge rammer og varme band mellom oss. Og er vesentleg for gode samfunn. Det er så enkelt og naturleg, men likevel er menneskeslekta på veg bort frå sin sanne natur. Gradvis er tilliten øydelagt av misbruk og utnytting og skuffelse og uærleg spel, og den splittar oss i staden for å skape nærleik. Og når ubalanse og avstand mellom det naturlege og det vi faktisk opplever er stor, så gjer det vondt. Mange kjenner motstand og frykt for å stole fullt og heilt på andre, men det er også ein del av erfaringa. Og mange har utvida bevisstheten til å gjennomskode det uekte. No er vi på eit punkt i evolusjonen der det får bære eller breste for slik samfunnet fungerer i dag kan vi ikkje leve lenger. Derfor er tida inne til å ta ærlegdommen tilbake. Kunsten er å tru vi kan stole på alle. For viss alle trur litt er mykje gjort.