Kosmos er stappfull av naturleg intelligens. Skaparverket er fullkome med planetar og stjerner og geometriske samspel. Alt heng saman på ein naturleg måte. Ein underleg måte. Det er eit under seier vi når bevisstheten er for trong og forstanden for liten. Kosmisk intelligens er ein tråd i livet vårt som lar ting falle på plass eller komme i vegen. Og skaper eit liv med oppturar og nedturar. Livet går sin vante gong og ting ordnar seg og foldar seg ut på ein perfekt måte utan at vi løfter fingeren. Einast vi gjer er å ta i mot så lar naturen alt skje.
Den kosmisk intelligensen er større enn vi menneske har herredøme over. Men til meir bevisstheten utvidar seg til meir oppdagar vi. Og den teknologiske utviklinga går stadig framover og vert meir og meir intelligent. No har den sosiale robåten, Sophia, fått statsborgarskap i Saudi-Arabia. Det var ei ære svarte ho kjenselfullt etterpå. Ein vakker kvinneskikkelse visualiserer data og ser deg i auga og snakkar til deg som ei mor. Fører ein resonnerande logisk samtale og har ein humor og intelligens som går meg ein høg gong. Men det er ikkje noko ho har tenkt seg til. Ho er programert av sin skapar til å prosessere emosjonelle data, og blir aldri meir enn eit spegelbilde av det ho mottar. Kunstig sosial intelligens er på full fart inn i samfunnet. Det er både spennande og skremmande før vi blir kjent med at kunstige menneske snakkar til oss på ein vettig måte på eit språk vi forstår. Gamle robåtar som tok over fysisk tungarbeid for menneske ser vi no på som gode hjelparar. Og mykje arbeid er blitt effektivisert for robåten går ikkje på timelønn og arbeidstidsavtalar som oss andre dødelige. Dei er både kundebehandlarar og driv opplysingsteneste og det er lenge sidan den første automatiske telefonsvararen kom. Den monotone stemma kunne få ein til å fly i flint når ein satt på vent i ein kø som ein aldri kom ut av. Då kunne det kanskje vera ein ide å få trøst av Sophie til å roe seg ned. Siri er på nettet og står til teneste for oss. Netflix spesialsyr forslag om gode filmar, slik ein før gjekk til skreddaren for å sy dress. Den passa nøyaktig til den rette personen. Store datahjernar set saman enorme mengder fakta og analyserer ei sanning til oss. Knips, så er resultatet der. Og slik kan ein fortsetje med eksempel på kunstig intelligens som er infiltrert i alle sine kvardagslivet. Overalt. Og for min del er eg fasinert.
Menneske vil sjå med eigne auger før vi trur det er sant. Slik alle oppdagingane gjennom tidene har vore ukjente før dei vart forståelege. Og no har vi møtt Sophie. Ikkje på nært hald sjølvsagt og ikkje forstår vi det tekniske, men vi aksepterer henne fordi vi ser det virtuelt. Det er slik vi mottar dei fleste inntrykk i dag. Og vi trur det vi ser for no trur vi utan handfaste fysiske bevis. Det abstrakte er felles for både kosmisk og kunstig intelligens. Den kosmiske intelligens ligg som ei sky rundt menneske der ein kan laste ned all informasjon eller hjelp ein treng. Faktisk ganske lik den kunstige intelligente skya. Kunsten er å tru at kosmisk intelligens finnes og bevisst bruke denne urkrafta som heldt heile universet saman. Vi brukar stadig oftare intuisjonen, og lyttar til den intuitive krafta som lever i oss. Gradvis får det ukjente større rom og vi vert meir opplyste. Men framleis lar vi ofte den kosmiske intelligens styre oss i blinde. Slik små fuglar fyk på instinktet til andre sida av jordkloden, og kjem tilbake til same stad nokre månader seinare. Kunsten er å knytte kontakt med den naturlige intelligensen. Universet. Det er umuleg å sjå, men vi kan velje å tru den finnes. Eg har ingen gode jordnære svar på kva kosmisk intelligens er, men eg har erfart at den fungerer.