Korleis kunne det skje?

Eg undrar meg korleis det kunne skje at vindmøllene poppar opp sånn plutseleg. Tett i tett bit dei seg fast på bergnebbar og fjell utover landet frå nord til sør. Det er ei sorg å oppdage. Og vandalismen av naturen er så endeleg.

Naturen er øydelagt, men spørsmålet heng fast. Det byrja med ei bølgje av grøn energi der vakre og vene ord vart pakka inn i miljøvennleg papir. Ei slu manipulering av ord. For no ser vi med det blotte auga at breie anleggsvegar raserer landskap og fuglar døyr og dyr forsvinn. Vi reddar ikkje jorda ved å øydelegge naturen. Dette kunne skje fordi mange vedtak og prosessar skjedde bak vår rygg. Utan at vi kunne gjere noko. Ein prosess vi ikkje ante omfanget av. Kyniske krefter frå utlandet samspela med veike leiarar her heime. Jordstykke vart seld bit for bit og politikarane snakka med to tunger. Dei sa ein ting og gjorde noko anna. Når folk lover og lyg så rivnar noko innvendig, og ut kjem ei vond kjensla av å bli lurt. Å tape ei sak på ærlege premisser er noko anna enn å kjenne maktmisbruk og simpel spel. Mørke krefter infiltrerte seg som svarte trådar i offentlege system, og kjennskap og vennskap vart usynleg reiskap for å godkjenne konsesjonar og tillate utbygging. Og etterpå vaks vindturbinane i høgde og volum. Det godkjente konseptet vart endra og ingen var er villige til å gripe inn. Og etterpå er omkveda at det er for seint. Det skaper ei skjerande kjensle av misbruk. Vi skjøna ikkje strategien før det var for seint. Derfor kunne det skje. Men no har vi vakna opp og då fungerer ikkje spelet lenger. I ettertid ser vi at kreftene bak var slue, utspekulerte og manipulerande. Og det undrar meg at eit samfunn fullt av gode menneske som vil kvarandre godt skal vera overstyrt av kynisme og vondskap.

Det er smertefullt å sjå det handfaste resultatet av spelet om vindkraft. Men kunsten er å stå oppreist i oss sjølv for verdiar vi trur på. Og når mange menneske står saman for å forsvare sin rett, så kan vinden fort snu.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.