Hurtigruta fekk korona på besøk. Og pandemi er ingen spøk, den spreier seg fort. Men korona er ikkje det viktigaste i denne saka, men at leiinga forsøkte å halde utbrottet hemmeleg. Dei pressa og kontrollerte kommunen som avdekka første smittetilfelle til å halde korta tett til brystet og ikkje gå ut offentleg med saka. Etter kvart ba folkehelseinstituttet leiinga om å informere om korona utbrotet og dei ansvarlege sa ein ting og gjorde noko anna. Eller rettare sagt dei laug og gjorde ingenting for å informere utover. Og misbrukte tillit. Slike handlingar gir brest i rettskjensla til folk.
For min del vart eg oppglødd ganske enkelt fordi vi vart opplyst om saka. For meg er dette eit godt teikn på meir sunnhet i samfunnet. Maktmisbruket kom til overflata og vart synleg fordi massemedia opna opp og gav innsyn og informasjon. Og dette er noko nytt. Altfor ofte har massemedia vore knebla og kontrollert og styrt av baktroppene der ting er blitt halde hemmeleg. Og maktmisbruk har gått upåakta hen utan å få konsekvensar. Vi kjenner oss maktelause mot maktmisbruk. Men rettskjensla lever inni oss, den kan ingen ta frå oss. Vi kan velje nye bærebjelkar å bygge samfunnet vårt på med væremåtar som resonnerer i takt med vår indre sanning. Og la gamle strukturar med maktmisbruk og hemmeleg kontroll falle saman og kollapse. Saman kan vi bygge nye spelereglar i samfunnet.
Hurtigruta har fått ripe i lakken, så vil tida vise kor djupt den sit. Det har vore ein trend at leiinga legg seg flate etter å ha blitt tatt med buksene nede, og etterpå går det stille over og fortset i same spor. Og vi blir forvirra fordi det går forbi som ingenting har skjedd. Men det er nye tider. Vi er blitt overkjørt med tilslørte sanningar altfor lenge, no er det tid for å gi slepp på det gamle. Når vi ser og gjennomskodar spelet, så blir det klart. Og det gamle misser kraft. Kunsten er å skape nye bærebjelkar og strukturar i samfunnet basert på ekte verdiar.