Tidevatn er eit levande bevis for at tida er i rørsle. Og noko endrar seg. Vatn stig opp og forsvinn sporlaus attende. Kor vert vatnet av før det vender tilbake? Og det høge vatnet er enormt og flyt over. Stig og søkk med gjevne slag om att og om att i den faste rytmen til flo og fjære. Bølgjer bryt i brenningar og set usynlege spor i sanden, men så kjem det nytt vatn som fossar over spora og linjene forsvinn. Forsvinn dei bort eller ligg det eit aldri så lite avtrykk igjen i sanden? Kvasse steinar rullar mot kvarande og tida sliper bort alle kantar. Eller dei vert runde i kantane. Steinar rullar i fjæra og endrar form. Tidevatn set usynlege spor og endringar skjer, men skaper likevel avtrykk av linjer i jordskorpa. Slik set straumen i tida merke. Eg leitar berre etter linjene som vart laga i sanden ved sist høgvatn. Auga mitt ser ikkje tidevatnet som slit og jobbar og lagar synlege linjer i jordskorpa. Eg ser ikkje dei små varige endringane. Det er liv i vatnet som strøymer opp og ned. Bølgjer slår i brenninga. I grenseflata mellom hav og land. Tidevatnet har liv og rørsle der det stig og søk med gjevne slag.
Vi lever alle i ei brytningstid. Kunsten i livet er å sjå perspektivet. Men kva ser eg som knapt lever ein dag i tida sin straum?