Intuisjon til inspirasjon

Intuisjonen dukkar opp som troll av eske. Uventa vert gode idear kasta inn som piler. Eit innskot. Ei påminninga om å ta ut frå frysaren eller slå av kokeplata eller gjere klar ein ting til neste tur eller ringe ein telefon. Det var «to sjeler og ein tanke» svarer det i andre enden. Klare beskjedar vert mottatt og handlinga skjer på rett tidspunkt.

Intuisjonen fungerer utan at vi forstår. Så kvifor bruke kreftene på å finne logiske truverdige forklaringar for å bevise verda utanfor når ein veit at det fungerer. Kunsten er å tru på seg sjølv. Intuisjon er ei drivkraft med inspirasjon som ofte finn snarvegen til gode løysingar. Og intensjonen er vegvisaren. Kunsten er å vera villig å utforske den nye tida. Slik kan vi røre oss bort frå det fysiske og opne meir opp for subtile usynlege energiar. Og bli meir følsame og sensitive. I flyt og harmoni med livet strøymer det fritt og enkelt og lett. Og opnar ein auga endå meir ser ein ting legg seg til rette. At ein er på rett stad til rett tid. Og er i synkronitet med livet. Det er vanskeleg å skjøne for menneske forstår ikkje meir enn det menneskesinnet har forstand på. Men enkelt å akseptere dersom ein vil.

Kunsten er å stille inn på ein rolegare frekvens slik at intuisjonen trenge lettare gjennom. Senke skuldrene og la hovudet bli tanketomt. For når ein er mottakeleg og open kan ein oppdage nye tankar, nye idear og nye vegar i livet. Og la det folde seg utover og la det vekse. Kunsten er å løfte bevisstheten frå det negative til det positive, frå det destruktive til det konstruktive, frå det mørke til det lyse og frå det gamle til det nye. Sjå kva som skjer. Då oppdage ein at det gamle fell bort og openbare noko vedunderlege nytt.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.