Ein intensjon skaper meining. Og er ei sterk drivkraft. Det intense jaget etter materiell velstand stilnar når livet er fullt av materiell overflod. Det ytre er perfekt, men manglar glede. Tida er også snart over for egoistiske motiv som maktkamp og intriger og sjølvopptatte meiningar eller karriere på jobben. Det er naturlig å miste lysta å kjempe fordi det har ingen verdi. Og når drivkrafta blir kraftlaus og meiningslaus, så dabbar lysta av. Ein driv utan å drive mot noko. Som ei skute utan kaptein.
Den manglar ballast. Og treng påfyll på innsida for å gi det ytre livet integritet med glede og den sanne essensen av seg sjølv. Derfor er kunsten å samle bitane saman slik at livet blir fullt og heilt. Tida er inne til å gå innover i seg sjølv og fylle opp innsida. Det fungerer ikkje lenger med eit skrog utan innmat. Det ytre livet er velfylt på sin måte, medan det indre er oversett og utarma og manglar liv. Utan balanse er det ubalanse. Ubalanse blir synleg når hindringar legg seg i vegen og alt går i stå og harmonien i dagen forsvinn. Ein blir oppgitt og lei. Motgang og motstand er livet sitt språk for å fortelje det vil ha endring. Livet formar seg etter intensjonen, derfor er det viktig å vera bevisst kva ein gir intensjon til. Og dedisere seg. Er livet i balanse så er dagen synkronisert og i ein straum av flyt. Og når ting er meiningsfulle, så blir ein glad og lett.
Kunsten er å ha ein intensjon med livet. Og legge drivkraft bak det ein vil. Slik at det indre blir blomstrande og sterkt nok til at det ytre fell på plass uansett. Det kjem ikkje gratis for det er som med eit fysisk arbeid, det treng både fokus og prioritet for å starte opp og bli gjennomført.