Det er ein tendens i samfunnet å sose oss saman til ei suppe der vi innfiltra glir inn i kvarandre og all eigenverdi er viska ut. Vi blir påverka frå alle kantar og er meir skapt av andre enn vi skaper oss sjølv. Det er dessverre slik samfunnet har knødd og knadd oss til å bli. Det er lett å gøyme seg bak ryggen til andre og springe frå ansvaret utan at det får konsekvensar. Mange har mista eigenverdi og integritet og tviler på eiga sanning, handling og tru. Eller er i beste fall utru med seg sjølv av frykta for konsekvensane.

Problemet er at vi blir så like kvarandre at vi blir usynlege. Og likegyldige. Integritet er som ingrediensar i suppa. For er ingrediensane smaklause og tamme så blir det fort ei grå og tannlaus suppe. Og det er vanskeleg å skilje det eine frå det andre. Å setje spiss på suppa er å kjenne smaken av kvar enkelt ingrediens. Kunsten er å stå til ansvar for ord og handling og vite kva ein står for og meine det same uansett situasjon. Er talen tydeleg og klar er det sårbart og utfordrande og vanskeleg å skjule seg etterpå. Men det gir eigenverdien tilbake og alle blir sett.

Kunsten er å vera samanfiltra i kvarandre samtidig med å halde fast med eigen identitet og integritet. Vera fullt og heilt seg sjølv. Og saman utfylle kvarandre. Det kan bli himmelsk godt. Kunsten er å gå djupare inn og kjenne smaken av kvar enkelt liten ingrediens. For å få fram den unike smaken. Slik at kvar enkelt liten bit er med å skape heilhet, blir identifisert og får den ære det skal ha. Slik kan vi saman skape meir integritet i samfunnet.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.