Vi snakkar om sola så kjem ho seier vi når personen plutseleg dukkar opp. Eller den eg tenkjer på ringer i same sekund, og vi seier det var to sjeler og ein tanke. Når ein tenkjer etter er det rart kor ofte dette skjer at ting smeltar saman og skjer samtidig. Og skjer i synkroni.

Men det er i grunnen ikkje så rart. Alt sendes til oss som lyn frå klar himmel. Ting legg seg til rette og ting dukkar opp på rett tid når det trengs. Kunsten er å oppdaga at ingenting skjer tilfeldig i det ytre, men stort sett er i tråd med indre signal som blir sendt ut. Å vera fredeleg på innsida fjernar ofte problemet på utsida. Då kan ein fint sitje i bilkø og la køen snigle sin sakte gong utan at det skaper irritasjon eller sinne. Slik kan det utvendige stresset flyte tvers gjennom utan å treffe motstand på innsida. Kunsten er å lytte til den indre klangen og vera autentisk med seg sjølv i handling og ord. Bruke intuisjonen for å velje retning og handling. Og setje ord på sanninga slik at den forplante seg utover til utsida i harmonisk samklang med universet.

Til meir skjønnhet og takksemd vi har på innsida, til meir opnar vi opp for prakt og glans i den ytre verda. Då blir det sol ute og sol inne, sol i hjarte og sol i sinnet. Kunsten er å vrengje innsida ut. Når det indre og ytre er i harmoni så er livet enkelt, og ein kjem tettare og lettare på livet.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.