Naturen er gjennomsyra av liv. Livsenergi strøymer gjennom kvart minste grasstrå og blom og kvist og alt lever. Og alt lever i fred med kvarandre. Denne roen og freden smittar over som ein feber når vi er ute naturen. Den forplantar seg inn i kroppen og etter ei stund svingar vi i takt med trær og stein og blomar og gras.

Naturen er ei energibombe. Den kan fylle oss opp når vi er trøtte etter ein travel arbeidsdag og roe ned sprekkeferdig hovud og tankar som spinn. Det er god beste medisin for å finne tilbake sinnsroa. For det er lett å misse i møte med metall og stål og plastikk og kalde rom og harde sterile møbler og oppjaga atmosfære. Eit kaldt miljø kan rive eit menneske opp i små fragment. Ein kjenner seg oppdelt og utsliten. I stressa miljø smittar uroa. Det vi omgir oss med pregar oss, og kunsten er å ta seg tid å avbalanserer seg sjølv.

Naturen tar imot oss med opne armane og der kan vi kjenne vi lever. Å gå på ei stille skogsti og lytte til stillheten. Eller sitje på ein stein yst mot havet og drøyme seg bort eller kjenne trestamma i ryggen. Det er balsam for kropp og sjel. Og dei fragmenterte bitane og uroa i kroppen lappast saman til ein heilskap igjen. Alt liv har livsenergi og vi er ein del av denne livskrafta. Når vi kjenner etter gjer den oss heil og glad. Menneske er eit naturbarn. Kunsten er å vera i pakt med naturen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.