Vi ser verden med ulike auger. Den eine fargelegg verda med grå triste fargar, den andre opplever lyst og glede. Slik fargelegg menneskesinnet millionar av ulike oppfatningar, og vi lever på kvar vår planet med eigne individuelle sanningar om smått og stort. Og det er heilt greitt. Det er kanskje akkurat slik det skal vera. Men det forvirrar og gjer det vanskelegare å kontrollere menneska. Og spreier frykt fordi det rivnar vår gamle kjente kultur med å sjekke sanninga i den ytre verden. På utsida av oss sjølv. I det ytre der vi ser opp til lege eller spåkone som frå sin pidestall kan fortelje korleis ting heng saman. Eller lyttar til andre meiningar utan å høyre si eiga røyst. Mange faktasjekke sanninga og forkastar det som ikkje passar inn med etablert sanning og hevdar med arroganse og manglande respekt at andre tar feil. Men mangfaldet i livet er større enn fakta. Det kan vera sanninga ligg utanfor faktaboksen og at perspektivet manglar. I min verden står fakta for fall og det andre seier har mindre makt over meg. No går eg innover og kjenner etter kva som resonnerer i kroppen og stolar fullt og fast på kropps bevisstheten. Kunsten er å gå innover i sitt eige univers og finne sanninga der.

Møtepunktet som før var i fakta og ytre maktpersonar er no svekka. Det er på veg til å falle bort fordi vi har oppdaga at sanninga er inni oss. Vi har gått frå det ytre til det indre og boblar over i kvart vårt univers. Og til sterkare kontakt vi har med eige univers jo gladare vi blir. Og mot glede blir ytre fakter veldig liten. Derfor skadar det ingen om det som resonnerer i min verden er feil for andre når det er rett for meg. Kunsten er å kjenne resonansen av sanninga frå innsida ut.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.