Tankar sprett inni hovudet som små ping pong ballar. Utan stopp. Den eine tanken avløyser den andre, dei matar kvarandre. Blir større og fleire og fleire. Kor hentar dei næring frå? Og kven matar alle tankane som fyk omkring som utsvelta dyr på jakt etter mat?

Det er eit hovudspetakkel frå ende til anna, frå morgon til kveld surrar tankar om framtida og bekymringar, tankar om andre og tankar om meg sjølv. Tankar dagdrøymer seg bort frå livet og tankar vrir realitetar rundt og endrar sanning. Tankar tar ein bort frå livet og fjernar ein frå øyeblikket. Tankar kan nesten gjer ein stakkar blind, for når ein berre tenker djupt nok så kan ein glatt gå forbi ein kjenning utan å ense det. Tankar sløra inn i eit usynleg stoff som vi verken ser eller kan gripe tak i.

Alt spetakkel i hovudet fører oss bort frå oss sjølv. Eller bedøve oss. Det er i kroppen vi lever, og det er i kroppen vi kjenner pusten puste. Misser vi kontakt med pusten så er det lett å overhøyre kva kroppen vil fortelje. Hovudspetakkel skaper ufred. Fred og ro kan vi berre finne når vi observerer dei springande tankane som fyk vegg imellom. Å røre seg frå hovudet til hjarta er å kome tilbake til det naturlege. Kunsten er å gjere tanken lydlaus.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.