Det kjem som lyn frå klar himmel og treff hjarta som ei kule. Kjenslene renn ut som ei fossande elv og hjarta snakkar utan ord. Det skjer nokre gonger i livet at hjarta nesten fell ut av kroppen, det brotnar saman, smerten riv eller gleda sprett og ein møter klar tale. Det kan vera eit svik frå eit medmenneske, det kan vera å møte urett eller uakseptable handlingar. Det kan vera ein varsam samtale eller beskjed, men den har stormfull effekt. Ein kjenner at tida er inne for å gjere endring. Ingen kan leve i takt med seg sjølv på tvers av det hjarta ber om.

Hjarta snakkar til oss innimellom, og det skal vi vera glade for. Elles kunne vi lett gått i same spor gjennom livet. Meldingar som tikkar inn treng handling. Kunsten er å ta hjartemeldinga opp til hovudet for å omsetje beskjeden frå hjarta til handling. For når hjarta bankar skal ein lytte. Ein får beskjed når tida er inne.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.