Tida flyr når vi er levande engasjert og ei intens glødande drivkraft gir krefter til å stå på i timevis. Tar seg berre tid til eit kort avbrekk enten fordi natta sig på eller svolten gneg. Tida forsvinn og ein gløymer seg bort. Og hjarta syng.
Det er skjønt å utføre arbeid med lidenskap og entusiasme. Det kan boble over i ein rørande dans eller eit kunstprosjekt eller når ein kastar snøret uti for å prøve fiskelukka. Kunsten er å gi sitt spesielle talent liv. Alle har fått ei gåve i livet. Noko ein er spesielt god på. Eit unikt talent med ein unik måte å uttrykke seg. Enten som revy stjerne eller som steingalen geolog eller ein som har lidenskap for gamle ting eller ein som brenn for eit prosjekt. Alle storkosar seg i arbeidet og det er så kjekt at ingen tenkjer på det som jobb. Det er berre gøy. Livet er for kort til å lide seg gjennom plikter og fungere meir enn å leve. Det er inga meining i at gleda og lidenskapen berre skal bli avmålt med ei knapp kveldstund eller nokre dagar i ferien. Og sitje i skammekroken resten. For når dagen er lidenskapslaus så vert den kjølig og tung og drar ned sinnstemninga. Men å vera lidenskapleg gir ein positiv utstråling.
Kunsten er å snu frå liding til lidenskap. Og omstrukturere dagen slik at lidenskaplege arbeidet bli hovudaktør. Vi er alle fri til å rive oss laus og finne meir lidenskap i dagleglivet. Og la hjarte synge og danse i takt med den indre harmonien. Kunsten er å lidenskapleg dyrke sitt talent.