Hausten kjem varsamt trippane med tunge lauv på treet og bekmørke varme kveldar og trær bognande av frukter. Ein snur seg med lengsel mot sommaren som er på hell. Kom liksom aldri skikkelig under huda dette året, den fauk forbi utan å slå seg ned. No er tida komen for å ta mot hausten sine gåvene. Det naturen så flittig har omforma frå det vesle frøet som vart lagt i jorda ein lys fersk vårdag. Desse små underverka som startar med tomrom og luft, ørsmå fjørlette veike dråpar av ingenting og som gjennom sommaren sin varme og fylde omformar seg til saftige plommer eller friske eple eller runde poteter og haustraude blad. Det er tid å sanke naturen sine gåver. Hausten sin overflod. Mett og fyldig. Det er rikelig av alt. Menneskesinnet er som ein hage, og den gir tilbake det ein har sådd. Gode varme handlingar smeltar eit hjarte og gir overflod tilbake. Hagen kan dyrkast og kultiverast eller den kan overlatast til seg sjølv og bli nedgrodd av ugras og kratt. Uansett så gir hagen noko tilbake. Og alle er sin eigen sjefsgartnar. Dersom ein bevisst har ein god intensjon med frøa ein plantar, og steller og passar på kvar dag, så bognar det av overflod og skjønne fargar. Medan ureine tunggrodd og vanstelte sinn gir lite tilbake. Det er hage eigaren som gir blomar og frukt gode levekår. Moden saftig frukt treng gode vekstforhold. Ein haustar som ein sår. Kunsten er å leve sin ungdom og sommarhøge dagar slik at ein kan hauste god grøde i alderdommen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.