Ei harmonisk celle pumpar ut og inn lik ein smilande blom. Ei boble full av liv. Ei glad celle. Ein kropp stappfull av harmonisk byggesteinar skaper trivsel og glede. Eit fantastisk skaparverk.
Men eg ser mange triste menneske med triste celler. Eller stressa celler slår ut kroppen, og harmonien sklir bort som bambi på isen. Søkjer hjelp i appen med helse på menyen for å finne svar på hjartepuls og vekt, høgde og feittprosent. Den fortel om søvnrytmen i natt var djup eller kort, eller kanskje du var oppe på do? Den sender informasjon med helse status og kor mange skritt du skal gå i dag. Trur appen gir liv til cellene og trur meir på den enn si eiga tru. Men appen er eit hjelpemiddel og svarer berre på tekniske detaljer.
Eit heilt menneske er mykje meir enn det appen rommar. Harmoniske celler strålar frå innsida og ut. Livspusten er levande i friske barn og leikande gamle menneske. Ingen er skapt for å passe inn i ein app. For det er faktisk muleg å observere kroppen med sine medfødde sansar og stole på sunn fornuft. Vi er alle unike med innebygd evne til å lytte til kroppen og kjenne korleis stoda er. Kroppen lyg aldri og gir alltid svar på det vi spør om. Kunsten er å få cellene til å blomstre.