Det er godt å ha noko handfast å halde på med. Det gir ro i sinnet når hendene produserer eit arbeid, og etterpå når det er avslutta kjem den gode kjensla. Det handfaste er så motsett av å produsere ein rapport eller eit tal eller ei meining på eit stykke papir. For tankefulle arbeid med dagar fulle av trykk på eit tastatur eller intellektuelle diskusjonar treng balanse. Slik at hovudet kan slappe av og kvile seg for å unngå at det går trill rundt med mentalt arbeid heile døgnet. Det er god kvile i handfaste arbeid. Og det er ikkje så viktig kva ein bruker hendene til. Men det er godt å ha eit eller anna prosjekt å kople av med. Enten det er å skru i ein motor eller pusse ein båt eller lage ein blome krans eller sy ein fin kjole eller utforske matgrytene. Menneske er konstruert for å vera i balanse.

Det er viktig å skape rom til handfaste arbeid i travle dagar. Slik at auga kan beundre og hender kan ta og kjenne på resultatet. Eit handfast arbeid set avtrykk. Kunsten er å balansere den virtuell verda med noko ein finn trivsel i å produsere.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.