Årets første kvitveis strålte mot meg i dag. Så truskyldig har den pressa dei kvite kronblada oppover mot lyset og ut av den mørke vinterjorda. Det første teiknet på at livet i naturen byrjar å vakne etter vinterdvalen. Og våren er her!
Dette underet skjer kvart år, og er like stort og rørande kvar gong. Oppvakninga i naturen er som ein eksplosjon når det først skjer, alt sprette ut og det kjennes som vi menneske sprette med. Fulle av liv og glede og fridom og lysta til å leve. Kunsten er å nyte oppvakninga i lange drag og vera bevisst når skjer. Og vera ein del av desse mirakla. Men ofte susar vi forbi kvitveisen på veg til ein avtale eller har det travelt med jobb eller eit stressande tankespinn. Vi har ikkje tid å sjå kvitveisen. I fjor og åra før forsvann våren som ein røyk, og i år prioriterer vi det ikkje, men har gode intensjonar om at neste vår skal ein nyte i fulle drag. Eg kallar det å setje livet på vent for ingen kan akkumulere opp livsgleda og vente med å ha nærleik til livet. Alt fortset i same gjenge inntil ein stoppar opp og bryt ut. Kunsten er å gripe dagen og leve kvart øyeblikk. Livet er å nyte øyeblikket og kjenne gleda sitre gjennom kroppen når mirakelet skjer. Å vera tilstade med barnleg truskuldighet og jorde seg fast i naturen.
Det verkar så lite med den vesle blomen som stikk opp av den vinterbrune jorda, men den er stor nok til å gi livsglede. Og dersom ein ikkje tar inn desse små gledene, så blir livet fattig og meiningslaust. Naturen minner oss kvar vår om å jorde oss og ha tettare kontakt med livet. Kunsten er å omfamne dagen og vera ein del av naturen sitt underverk. Det er tid for å vakne opp og bli ein levande del av livet. Oppvakning skjer rundt oss og overalt no.