Grått er tungt og grått er livlaust. Monotont og utan nyansar. Ein grå nedstemt kvardag med tung sinnstemning med lite lys i sikte. Det går på det jamne som ein bein strek og manglar både oppturar og nedturar. Det blir fort grått og traust når nærvær til livet manglar.
Er livet sprudlande og godt treng du ikkje lese vidare. Men kjenner du ein tilstand av å vera tom og lite tilfreds er tida inne for å vekke opp nærværet til livet. For å blir meir tilfreds trengst fleire deler av livet fungere. For å bli heil. Kunsten er å utvide seg elles kan livet bli fastgrodd og smått til slutt. Går inn i hovudet i staden for ut i verda. Det grå og keisame kjem snikande og åra sniglar seg fram eller fyk bort etter same lest frå år til år. Når livet bankar på så er ein blitt meister i å smette bort i arbeid eller opne nettbrettet for å stirre djupt inn i skjermen. Koplar seg av og held fast på det gamle. Kunsten er å kople seg på og uttrykke sin indre essensen. Meininga med livet er å uttrykke nærvær til livet.
Kunsten er å la lyset skinne gjennom det grå laget slik at det blir klart og lett. Det gir oppløftande fargerike dagar. Fargetonar er som god musikk, det skaper stemning og liv. Det rører innvendige strengar som spelar seg ut i det ytre. Det indre bilde kjem til uttrykk i det ytre med vakre tankar, vakre ting og vakre folk. Kunsten er å skape eit fargerikt liv med levande dagar.