Eg ser for meg intelligens som ein grå seigt flytande masse som skvulpar omkring på toppen. Den kan vera både kvass, tørr og kjedeleg. Og alle vil ha mest muleg av denne treige massen. Det er lett og forstå når vi veit kor ettertrakta dei grå er i samfunnet. For samfunnet set intelligens på høge pidestallar og lar det skinne derifrå, medan blinkande auger kikkar beundrande opp. Men intellektet kan vera både vondskapsfullt og bereknande når det kjem ut av kontroll. Derfor er kunsten å bruke intellektet slik at det gjer nytte for seg på rett måte og jekke det ned nokre hakk.

Dei små grå i hovudet vil gjerne herske over kropp og sinn. Og gleda blir kvessa bort på utspekulerte måtar. Det hoppar frå skanse til skanse, og trur det kan finne svar på det uløyste. Medan gamle spørsmål dukkar opp med nye svar. Og nye spørsmål får gamle svar. Det er lite framgang å spore. For intellektet går i ring, det kjem ikkje av flekken. Medan kroppen og hjarta har sunn fornuft og vil vidare.

Intellektet er eit mellomledd. Det gir oss fornuftige eller logiske svar dersom vi treng det. Samtidig skal det vike flyktig bort og underordne seg når kropp og sjel veit sanninga. Det er samspelet mellom kropp og sinn og intellekt og kjensle som saman gir svar.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.