Den som leitar den finn. Og Google er ofte støttespelaren vår. Søkemotoren er blitt stor og sterk og eineveldig. Ingen over og ingen ved sida. Andre programvarer som Kvasir og Bing og Yahoo! og mange andre blir skubba til side og gløymt og gøymt bort.

Mange usynlege drivkrefter har styrt Google oppover og utover, men dei var vanskelege å oppdage undervegs. I søkemotorane sin barndom var det ofte irriterande med alle dei merkelege treffa som dukka opp, og fleire søkemotorar måtte til for å finne svaret.  No prydar Google stort sett alltid start sida til Internett, og i Apple verden er det nesten umuleg å finne vegen til andre søkemotorar.  Men berre vi finn det vi leitar etter, så er vi fornøgd. Og i vår blindhet har vi tillit. Eit søk gir mange treff rangert etter det Google oppfattar som meste relevant. Først og fremst sponsa lenker der dei som betaler mest blir mest synleg fordi Google brukar betalt søkemotorannonsering ved å tilby annonser som er relevante for søkeorda. Annonsane først, så kjem dei som betalar litt mindre og til slutt dei som trur at søkemotoren er ei nøytral visdomskjelde. Etterpå lagrar og analyserer einevaldsherren all informasjon for å tilpasse søkeresultata  i framtida eller vidareformidle sal til andre aktørar. På denne måten blir vi misbrukt mange gonger før vi kjem til saka. Sjølv hevdar einevaldsherskaren at søkemotoren sorterer etter kriteria relevans og kvalitet, men det må ein vera dum for å tru på.

Utfordringa er at Google sin søkemotor er langt frå uavhengig. Dei hemmelege algoritmane gir søkeresultat etter eiga vinning ofte med ein politisk vinkel.  Dei kan skyve millionar av søkeresultat i retning av deira interne verdsbilde. Subjektiv vurdering og menneskelege val kjem til uttrykk i algoritmane dataingeniøren lagar fordi det finnes ingen uavhengig kontroll instans eller regelverk å styre etter.  Kunsten er å ta vare på mangfaldet i samfunnet. Og dyrke fram nøytrale programvarer som baserer seg på ærleg og reieleg og sann framferd ovanfor menneskeslekta.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.