Eg ønskjer alle som les bloggen eit Godt Nytt År og er takksam for du framleis er med meg. Når eg ser tilbake på gamla året så vart det langt mellom innlegga. Men intensjonen er å fortsetje og skrive om smått og stort for det gir sånn kvile inni meg når tankar som sprette rundt blir fanga og omfamna til ord. Å formulere og reflektere over inntrykka i dagleg livet gir meg meir forståing og klarhet. Å dele orda håpar eg kan gi refleksjonar til ettertanke for andre.
Tenk vi er halvvegs i denne spesielle endringstida for menneska. Det er ti år sidan 2012 og like langt fram til den gylne tidsalderen etter 2032. Det var mykje forvirring i 2012 når Maya kalenderen tok slutt og mange snakka om verdas undergong. Men no veit vi at kalenderen avslutta ein tidsepoke og starta overgang til ein ny tidsalder. I følgje astrologien har dette skjedd før og denne spesielle overgangen gjentar seg med syklusar på 26000 år. Så det er jo vidunderleg å vera tidsvitne til dette vippepunktet. Dette er mi forståing av tida vi lever no fordi det resonnerer hos meg
Det er ein draum at 2023 blir eit godt år, og kunster er å skape draumen og tru alt som skjer vil skje til det beste for oss. Denne trua kan vera god å halde fast i når stormen bryt laus. Astrologien seier det blir eit intenst år fullt av endringar og kaotisk i den ytre verda. Dei tre ytre planetane Pluto, Jupiter og Saturn flyttar inn i nye stjerneteikn, og med det kjem nye energiar. 2023 blir heilt ulikt dei siste tre åra, og store forandringar skjer. Ein massiv transformasjon. Vi kan stritte i mot, men det skjer likevel. Akkurat korleis utforminga skjer i praksis veit ingen, vegen blir til mens vi går. Oppsprekking og brest i gamle kjente system blir sannsynlegvis synleg og mange kan falle i tvil og forvirring når tunge energiar slår sprekker. Når skjulte ting kjem fram i lyset for å forløyse seg kan kjensla vera smertefull.
Pluto er berre ei kort tid i det nye stjerneteiknet før den vender tilbake og avsluttar sine tjue år i Steinbukken. Men tross den korte tida vil den gi ei klar kjensel av både politiske og sosiale endringar med skifte av makta tilbake til folket. Alle topp ned leiarskap byttes ut med meir fridom og desentralisering. Saturn er kontrollerande, men når den flytter inn i vannteiknet Fiskane kan vi få tilbake meir fridom som har blitt knebla dei siste åra. Sist Saturn var i Fiskane for ca 30 år sidan kom internett for fullt inn i verden. Så kanskje vi no får ein realitets sjekk av dette og som vi veit følgjer det ofte med både regulering og kontroll på Saturn sine vegar. Jupiter flytter inn i jordteiknet Tyren. Det vil ekspandere vår forståing for naturen og vi vil lytte meir til hjarta. Og gi nytt syn på at alt er energi.
Vi lever i spennande tider. Skal vi tru astrologane blir det eit turbulent år med mange avsløringar og openberringar. Og mange store endringar. Så å ankre seg fast i seg sjølv er det beste ankerfeste å ha. Kunsten er å vera i indre ro medan det ytre livet spele seg ut.