Det er alltid med undring og forventning vi tar imot eit nytt år og lurer på kva det nye vil bringe. Ei tid for ettertanke på året som er gjennomlevd og setje nye intensjonar for året som ventar.
Ingen veit korleis året blir før etterpå, men astrologien et framifrå verktøy for å få ein peikepinn. Det er ingen store spenningar i dei ytre planetane dette året. Jupiter og Neptun står tett saman og det gir berre velstand og kanskje magiske opplevingar. Men mykje skjer likevel for vi står jo midt oppe i det store skifte for menneskeslekta. Det er knyta stor spenning til kva som vil skje i USA. I februar vil Pluto returnere til sin opphavelege plass i horoskopet slik det var når staten var skipa for rundt tohundre og femti år sidan. Og Pluto pløyer djupt og er nådelaus i sin dom. Det som ikkje fungerer vert ruska bort med rota. Både korrupsjon og maktfordeling og eit økonomisk brestepunkt kan bli avslørt. Og når teppe falle får vi innsyn. Endringar i Amerika vil påverka heile verden, så vi er også ein del av prosessen. I tillegg rullar og går Uranus i stjerneteiknet Tyren. Den pløyer nye marker i løpet av dei sju åra den er i kvart stjerneteikn. No er det omtrent halvgått løp. Sist Uranus var i Tyren var under andre verdskrig, og mykje er likt både med lidingar påført menneska og massar som roper halleluja og legg all si makt i hendene til overmakta. Det gode er at alt som skjer er ein del av evolusjonen for å løfte menneska til nye høgder.
Denne oppsummeringa er sjølvsagt som å pirke med ei knappenål i overflata. Den som lever får sjå kva som skjer. Det har vore eit langt opphald med skrivinga for min del, men no håpar eg å vera tilbake med å formidle smått og stort om livet. Håpar mine funderingar over livet kan gi ein gnist hos deg! Eg ønske deg eit Godt Nytt År.