På norsk manglar vi eigentleg eit godt ord for det engelske «appreciation». Det ligg liksom litt meir i ordet enn bare å setje pris på. Mellom linjene ligg det ein straum av godhet som ein sender ut. Frå hjarta til hjarta. Eit ønske å gi noko godt til eit medmenneske. Ei merksemd for at den andre skal kjenne seg verdsett og verdifull. Og vekse seg litt større i samværet oss mellom. Og slik eg tenkjer er det noko ein sender ut i møtepunktet med eit anna menneske.
Men ofte neglisjerer vi det vi set pris på hos den andre. Vi manglar ord eller er for travle til å observere eller er for tett på kvarandre eller ukjente for kvarandre til at det fell naturleg. Ofte ligg det gode i bakhovudet og gneg, men orda sit fast i munnen og blir usagte. I staden tar vi på kritiske briller og dømer som ein hardhendt dommar. Påpeikar feil og manglar i negative ordelag. Det er lett å finne feil hos andre for den som leitar, og vi trakkar ned for å heve oss sjølv. Korrigerer eit medmenneske sitt synspunkt og irettesett eigenskaper og holdningar og vaner og uvaner. Svartmalar meir enn nødvendig. «Appreciation» handlar om å sende positiv energi frå seg, og alle kjenner forskjell på det negative og det positive. Og alle trivest best i det gode og varme.
Kunsten er å bruke den korte tida vi har saman til å sende gode ord og godhet ut. La kroppen vera eit verktøy til å sende varme signal og stråler ut til andre. Det er alltid noko godt å finne for den som leitar.