Å vera gjerandslaus er å ikkje gjere noko. Eller ikkje ha noko å gjera. Men kor mykje skal ein berre gjera før ein blir gjerandslaus?

Kunsten er å trappe ned for å kome inn i tilstanden med å vera gjerandslaus. Det er ein modus. Trappe ned aktivitetsnivået og få betre tid. Sjå ting med nye auger, kikke oss rundt, nyte været, sitte stille og la dagen renne sakte forbi. Skru av all kontakt med sosiale medium og andre skjermar. Men det er lett å flykte bort. Vi kjenner redsel og tomheit når stillheita stikk innom fordi det er ukjent. Rastlause tankar bråkar og lagar spetakkel og fortel at ingen har lov å vera gjerandslaus. Trur at å vera gjerandslaus berre tilhøyrar ferien. Det er ein kunst å få tak i denne tilstanden.

Men når roen senker seg i kroppen og rastlause tankar sleppe taket, ja – då er det stille. Tanken kviler og kroppen mjuknar, som ei oppspila fjær visnar hen. Den blir mjuk og tøyeleg, skuldrene fell på plass og pusten slår djupt. Ein landar i seg sjølv. Lar kroppen flyte med utan motstand og vilje. Kunsten er å leve stillheit og ro.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.