Gi jobben nytt ansikt

Ein veks ut av ting. Det blir for smått eller frekvensen skiftar. Små barnkler skiftast ut når kroppen veks seg større. Eller vennskap brotnar saman når ein ikkje lenger er på same bølgjelengd. Som ein gamal radio skurrar det, og ein må finne ny frekvens for at det skal fungere.

Å vekse frå jobben skjer og. Verdiar som før var drivkraft har mista styrke og entusiasmen er borte. Og andre verdiar tar form. Fritid blir valt framfor overtid fordi ekstra pengar mobiliserer ingenting.  Ein lengsel etter meir balanse mellom tid på jobben og tid til fritid og familie og venner og aleinetid veks fram. Eller arbeidsgleda manglar fordi ein ikkje er samstemt med arbeidskulturen lenger. Hektisk timeplan og krevjande relasjonar tappar meir enn det gir påfyll. Frykt og redsel florerer som smittsam virus. Men lukker auga for handlingar som strittar mot indre sanning, og fortset i blinde i same spor. Spor som set seg fast i sjela og den blir utarma og likegyldig. Å misse sjela på jobb reduserer livskvaliteten. Ein trufast arbeidar spurte om å få fri ein inneklemt dag i mai etter iherdig jobbing med mange timar overtid. Men får nei tilbake fordi arbeidet skal bli ferdig innanfor ein umulege tidsfrist. Fryktsame små sjefar pressar gjennom urimelege krav for å berge sitt eige skinn. Det skaper ei motlaus stemning. Sinne og aggresjon vert kasta frå den eine til den andre og treff uskuldige sjeler. Eller nokon trakka på andre i kampen om makt. Når handlingar svingar i utakt med sanninga så blir stemninga vond og trist. Det resonnerer ikkje lenger på rett frekvensen.

Slik kan ei indre spire vakne opp og starte å spire for å finne meir harmoni med sitt naturlege talent. Eller gjere noko som gir djupare meining. Hjelpelaus tenkjer ein korleis endring kan skje. Men «korleis» er eit uvesentleg spørsmål fordi livet er vår største støttespelar. Det einaste livet treng vite er intensjonen. Alt legg seg til rette når intensjonen er skinnande klar. Då jobbar alle krefter i rett retning og følgjer vegen det indre kompasset peikar. For å gi jobben nytt ansikt er kunsten å vera autentisk og sann med seg sjølv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.