Ein fugl innelåst i eit bur veit ikkje kva utsida rommar. Når døra opnar opp kan fuglen fly ut i det fri, og ute kan den fly høgt og lågt og sveve omkring i det magiske ukjente. Men den må velje om den vil vera på innsida eller utsida og våge å flakse med fjæra.

Vi menneske lever ofte innestengt i det trivielle buret. Men ein dag kjenner vi rommet er for lite. Det brest innvendig. Ein vil ut og leve meir i sanning med hjarta og det som kjennes rett. For å leve på tvers av lyst og sanning er smertefullt. Og vondt. Og livet går sin vante gong med ei murrande kjensle av å vera fastlåst. Vi kan alle velje vårt eige liv. Vi kan skrive vår eiga historie. Kunsten er å avdekke si indre sanning og skape sitt eige liv i tråd med sanninga. Men det skjer ingen endring før ein set foten ned og tar skrittet ut. Det er skummelt å velje. Frykta ulmar i botn. Det er redsel for å gjere feil. Å mislukkast. Ser ein avgrunn. Redsel for at det kan koste både familie,  jobb og vennskap. Men er ein uærleg med seg sjølv, så misser ein seg sjølv i staden. Og den prisen er høg å betale. Kunsten er å tru og stole på si indre sanning. Og ta ansvar for seg sjølv er fridom under ansvar.

Ei fri sjel er sterk fordi den handlar i samsvar med den indre klangen. Tonane som strøymer ut er harmoniske. Å vera fri er å lytte til si indre røyst og vera modig å følgje sin indre vegvisar. Kunsten er å gjere val som fører ein nærmare seg sjølv. Det er sanning som skaper fridom.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.