Frekvensen på jorda

Eg vil gjerne tru at eg er fri trongen for stadfesting utanfrå for å vite sanninga. Slik er det også med frekvensen på jordkloden, som har auka dramatisk dei siste åra og er mykje høgare i dag enn for berre nokre få år sidan. Winfried Otto Schumann oppdaga på 60-tallet frekvensen på jorda, og målinga er kalla Schumann resonans. Derfor forundrar det meg at, så vidt eg veit, manglar fysisk dokumentasjon på jorda sin frekvens i dag samanlikna med tidlegare tider. Men ser ein frå den metafysiske vinkelen fell alt på plass.

På slutten av 80-talet skjedde det noko med oppfatning av tida. Og energinivået på jorda. Då filosoferte ein ingeniør kollega av meg at endringa vi kjente på kroppen med at tida gjekk fortare er indirekte proporsjonal med alderen. Men no synes både små barn og ungdomar at tida går rasande fort, men då eg var liten var det lang tid mellom jul og sommar. Før var energi eit nesten ukjent ord, og noko ein berre brukte i fysiske utleiingar. Men så har energinivået på jordkloden endra seg, det er energi over alt. Og er ein del av daglegtalen vår.

Før fekk ein unna ting, men no er det som det heng fast i hendene. Alder vil mange sei, men nei. Det er rett og slett mindre tid enn det var tidlegare. Før var det ein heil «dag» igjen etter arbeidstid der ein henta krefter, og det var tid til både sein matlaging og tur på butikken og praktisk jobbing i huset og eit besøk på kvelden. Men no fyk folk rundt som svimeslåtte og tar det lettvidt med maten, er på etterskot med husstellet og prioriterer strengt med aktiviteter ein deltar på. Og er utkjørt når kvelden kjem. Dette trur eg har samanheng med at jorda har høgare frekvens. Ho slår fortare om ein kan sei det slik. Og så heng vi ikkje med lenger. Mange er tunge i sessen av emosjonelle sår og gamle uløyse tankar som heng fast som vedheng i kroppen, og gjer ting tyngre. For alt tilseier at vi skulle hatt mykje ledig tid kvar ettermiddag sett i forhold til den tekniske utviklinga som har skjedd sidan mikroprosessoren vart oppdaga. Før måtte ein kjøre til reisebyrået for å kjøpe ein billett til reisa. Og kanskje stå i kø i tillegg. No er det eit tastetrykk på internett frå sofakroken. Før slo vi opp i leksikon og andre hjelpemiddel på ting ein lurte på, no er det berre eit kjapt søk på nettet. Før var det mykje fram og tilbake for å avtale eit tidspunkt. No fyk meldingane fort. Før laga ein maten seint kvar dag, men no tyr mange til lettvindt mat i kvardagen for det er ikkje tid til noko anna. Og tar det heller som ein helgeaktivitet å lage god mat. Å gjere ting seint og sakte gir rett og slett ikkje tid til så mykje i løpet av ein dag. For dagen har på ein måte færre timar enn den hadde før.

Det er ikkje så lett å skjønne frekvensen på jordkloden. Frekvens er den inverse av systemets svingetid eller omløpstid. Altså tida frå systemet er i ein bestemt svinge- eller rørsletilstand og til neste gang det er i same tilstand. Med andre ord vanskeleg å forstå. Med vi ser at lyspæra lyser svakt dersom strømnettet er svakt. Har strømnettet høg frekvens er det kraftig lys frå lyspæra. Nettverket er så stabilt hos oss at det er sjeldan vi tenkjer på det. Men vi kan oppleve det i utlandet eller huske tilbake korleis det fungerte for lenge sidan. Eller når vi stikk kontakten til eit utstyr som treng høgspenning eller vekselstraum i feil stikk kontakt så jordar det seg fordi frekvensen er feil.

Vi er meir opplyste i dag enn vi var før fordi evolusjonen av menneske si utvikling på jorda har gått sin gang. Gradvis er bevisstheten utvida og kroppen justert slik at vi tåler større spenningar. Eller kollapsar raskare dersom spenning og stress vert for stort. Det er ikkje alt vi forstår, men likevel kjenner vi det er rett. Men det forundrar meg at ingen skriv eller snakkar om frekvensen på jordkloden. Kunsten er å bli meir opplyst.

Winfried Otto Schumann oppdaga på 60-tallet frekvensen på jorda, og målinga er kalla Schumann resonans. Derfor forundrar det meg at, så vidt eg veit, manglar fysisk dokumentasjon på jorda sin frekvens i dag samanlikna med tidlegare tider. Men ser ein frå den metafysiske vinkelen fell alt på plass. Frekvensen på jordkloden  har auka dramatisk dei siste åra og er mykje høgare i dag enn for berre nokre få år sidan.

På slutten av 80-talet skjedde det noko med oppfatning av tida. Og energinivået på jorda. Ein ingeniør kollega filosoferte at endringa vi kjente med at tida gjekk fortare er indirekte proporsjonal med alderen. Men no synes både små barn og ungdomar at tida går rasande fort, men då eg var liten var det lang tid mellom jul og sommar. Før var energi eit nesten ukjent ord, og noko ein berre brukte i fysiske utleiingar. Men så har energinivået på jordkloden endra seg, det er energi over alt. Og er ein del av daglegtalen vår.

Før fekk ein unna ting, men no er det som det heng fast i hendene. Alder vil mange sei, men nei. Det er rett og slett mindre tid enn det var tidlegare. Før var det ein heil «dag» igjen etter arbeidstid der ein henta krefter, og det var tid til både sein matlaging og tur på butikken og praktisk jobbing i huset og eit besøk på kvelden. Men no fyk folk rundt som svimeslåtte og tar det lettvidt med maten, er på etterskot med husstellet og prioriterer strengt med aktiviteter ein deltar på. Og er utkjørt når kvelden kjem. Dette trur eg har samanheng med at jorda har høgare frekvens. Ho slår fortare om ein kan sei det slik. Og så heng vi ikkje med lenger. Mange er tunge i sessen av emosjonelle sår og gamle uløyse tankar som heng fast som vedheng i kroppen, og gjer ting tyngre. For alt tilseier at vi skulle hatt mykje ledig tid kvar ettermiddag sett i forhold til den tekniske utviklinga som har skjedd sidan mikroprosessoren vart oppdaga.

Det er ikkje så lett å skjønne frekvensen på jordkloden. Frekvens er den inverse av systemets svingetid eller omløpstid. Altså tida frå systemet er i ein bestemt svinge- eller rørsletilstand og til neste gang det er i same tilstand. Med andre ord vanskeleg å forstå. Med vi ser at lyspæra lyser svakt dersom strømnettet er svakt. Har strømnettet høg frekvens er det kraftig lys frå lyspæra. Nettverket er så stabilt hos oss at det er sjeldan vi tenkjer på det. Men vi kan kanskje oppleve det i utlandet. Eller når vi stikk kontakten til eit utstyr som treng høgspenning eller vekselstraum i feil kontakt så jordar det seg fordi frekvensen er feil.

Vi er meir opplyste i dag enn vi var før utvikling på jorda har gått sin gang. Gradvis er bevisstheten utvida og kroppen justert slik at vi tåler større spenningar. Eller kollapsar raskare dersom spenning og stress vert for stort. Det er ikkje alt vi forstår, men likevel kjenner vi det er rett. Men det forundrar meg at ingen skriv eller snakkar om frekvensen på jordkloden. Kunsten er å bli meir opplyst.