Å vera full av fred er ei gåve til menneske, men det krev at vi gir rom til freden. Og er velvillig til livet for å ta imot. Å vera villig er å gi slepp på all uro i kropp og sinn slik at alt fell til ro og blir fredfullt og harmonisk.
Kven har ikkje opplevd at freden søkk inn i kropp og sjel når ein glir bortover solfylte snødekka vidder og går fiskebein opp bratte bakkar? I det kvit opne landskapet kviler tanken og den stille roa i naturen smittar. Men så ringer telefonen eller eit stikkande ord går som skjerande kniv i lufta og bryt stilla. Og freden er broten. Det var ikkje rom for den lenger. Kunsten er å oppdaga fred. Ingen kan reise til fjells for å finne fred fordi freden er inni meg. Inni deg. Akkurat der vi er. Men ofte er vi ein plass og lengtar etter å vera ein annan plass eller i ein annan situasjon. Lengsel er ei fin drivkraft, men kan også gi ei sterk kjensle av å sakne noko og gi tungsinn som kveilar seg rundt og kneble liv og lyst. Det vi lengtar etter er kontakt med livet. For utan kontakt mellom livet og sin eigen kjerne er alt utilfredsstillande.
Kunsten er å gi slepp på misnøye og uro og vera villig til å finne fred. Det er ikkje oppleving eller reise som skaper fred for freden er festa fast inni oss. Og med fred blir ein tilfreds og får ei kjensle som å vera mett. Kunsten er å vera full av alt, og kjenne at alt ein treng for å vera fredfull er rundt ein.