Forandring i livet gir nye impulsar og frisk ny giv. Ofte tenner det gnist av håp og tru og glede, og kvardagen vert litt meir skinnande. Noko nytt får vekse fram.
Men ofte går det i vante gjenger, i eit fastlåst spor som det er tungt å krabbe ut av. Og ein stivheld på stivbeinte mønster og gamle vaner som drenerer livsgleda bort. Det er lett å la den eine dagen blir lik neste. For menneske sin natur er å gi motstand mot endring og stritte i mot. Medan livet sin natur er å flyte med. Å gå den faste kveldsrunden i «feil» retning er med å skape noko nytt. Det er små steg, men litt her og litt der er med å opne opp. Eller det kan vera eit hjarteval som skal sjå dagens lys, og vil gi djupe forandringar i livet. Ingen veit kva endringar som vil løfte livsgleda før ein har prøvd. For å vite om straumen i huset fungerer, så må ein leggje handa på brytaren og skru på. Først etter handlinga er utført får ein svaret. Kunsten er å tru at endring er muleg og bruke vilje til å gjennomføre. Og omfamne det som ligg opp i dagen for den naturlege essensen i livet er ein bevissthet som er vaken og på vakt og snur seg rundt når ting skjer.
Sanninga er at livet er i kontinuerlig rørsle. Alt levande lever. Og alt som lever endrar seg. Derfor er kunsten å ønskje endringa velkommen. Vi ser rundt oss at våren sprette ut no, og naturen omformar seg til nye fargar og former. Ingenting er fastfrose lenger, alt er i rørsle og foldar seg ut.