Folkeviljen blir ofte slått ned. I Hong Kong forsøker dei å innføre nye doktrinar der statsborgarar blir fritt vilt til å utleverast til eit regime, som etter min forstand og kunnskap, manglar respekt for menneskeverdet. Opprørte demonstrantar i Hong Kong står opp for sin rett og har inntil vidare forhindra denne undertrykkinga.

Men vi treng ikkje reise jorda rundt for å finne eksempel. Folkevalte organ i både Tromsø og Finnmark var motstandar av samanslåing til eit fylke, men måtte vike for maktpisken. Vil du ikkje så skal du på tross av at det strider mot all fornuft og er heilt naturstridig at så stort landområde skal sentralstyrast. Nærleik til kjelda er viktig for menneske enten det er i den ytre eller indre verda. Vi vert blenda av illusjonen om alle pengane på sparegrisen. På åtti-talet vart mange lønnsame bedrifter lagt ned eller fusjonert til store system fordi dei skulle tene meir pengar. Men pengane har vi sett lite til, dei går i lommene på nokre ganske få personar. Erfaringa vår er at ressursane på jorda i dag er meir skeivt fordelt enn dei nokon gong har vore. Vindmøller er ei anna stridsøks der myndighetene køyrer over folkemeininga med bulldosar. Og ofrar naturen på pengane sitt alter. Val i Frøya kommune viste at 78% sa nei til vindkraft. Kvifor vert folket si røyst overhøyrt? Det verkar som vedtak og forarbeidet med vindmølleparkar i det ganske land er skjedd i lyssky rom og stykkevis og del slik at det vanlege mann ikkje skulle få full innsikt. Og når det no rullar framover og vedtaka kjem for ein dag, så vernar dei myndige seg bak svaret at no er det for seint å endre. Enkelt og greitt.

Eg synes det er vakkert at folk over heile kloden reiser seg opp og viser motvilje til å bli undertrykt. Kunsten er å la folkesjela vise veg. For det er naturstidig at menneskeslekta skal undertrykkast. Vi er kome til eit brestepunkt. Vi ser. Og når mange nok oppdagar at eit knippe menneske undertrykkjer ein hærskare av folk, så er oppgjeret sin time komen til å ta tilbake respekt for kvarandre. Kunsten er å lytte til sunn fornuft og gjere naturlege vedtak i opne rom.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.