Kunsten er å uttrykke seg for å realisere seg. Å uttrykke seg tydeleg og ekte til omverda er ein vågal prosess for orda kan krøllar seg ut med feil meinig. Seier det er greitt men så er det slett ikkje sant likevel. Nokre ord stoppar fullstendig opp og heng fast i halsen på innsida, og kontakten mellom det indre og ytre blir ein flaskehalsen.

Ein spør etter eit glas vatn for at andre skal vite ein er tørst og for å sløkke tørsten. Det er viktig at andre veit kva ein treng. Lengsel som rumlar i magen blir uttrykt og kommunisert for å bryte ut. Å sei lysta si er eit gjennombrot for å få gjennomslag. Det må ut for å kome tilbake. Små eller store ting som ligg på hjarta treng eit uttrykk for å setjast fri. Det hjelper lite å bli irritert eller kjenne seg misforstått dersom orda aldri blir trykt ut. Inneslutta spetakkelet som misnøye, mistru, tvil og andre djupe kjensler treng forløyse seg med ord. Og til djupare ein dukkar innover til fleire skalkeskjul blir avdekka og sanningar dukkar opp, men det er først når ein set ord på sitt indre det ser dagens lys i det ytre. Nokre menneske tar stor plass, er storslagne og viser seg fram.  Medan andre er tause. Og usynlege. Kroppen er eit magisk skaparverk som formar seg etter naturlege lover slik at til fleire sider og vinklar og fasetter av sitt indre som blir uttrykt, til større plass skaper det i det ytre. Alle skal ta sin plass med rette. Og når alle tar sin plass så blir det balanse. Det er plass til alle.

Kunsten er å kjærleiksfullt uttrykke sitt indre vesen for å bli ein større bit av seg sjølv. Slik skaper ein si eiga historie og sitt eige liv.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.