Det er ofte nok å lese overskriftene så har vi fått dagens nyheter. Overflatiske nyheter er enkle og flate og grunne. All informasjon trykt inn i ein setning med undertonen som pirrar nysgjerrigheita. Det sensasjonelle. Snart er det berre underhaldningsnyheter igjen.

Det er ein myte at folk skal ha det så enkelt. Lett underhaldning, lette bøker, lett kiosklitteratur og snart fjørlette aviser. Men det er farleg å tru på mytar. Dei fleste av oss er faktisk svært reflekterte menneske med djupna i livet. Vi vil gjerne ha grundige balanserte analysar om både politikk, økonomi og kulturelle saker, og få informasjon og kunnskap nok til å trekke vår eigen konklusjon. Men djupe nyheter er bortimot mangelvare hos NRK og dei etablerte og tradisjonelle kringkastarane og avisene som folk flest støttar seg til. Før trudde eg at media undervurderte oss til naive og ekstremt enkle individ. No trur eg det har vore ein planlagt strategi for å fordumme oss. Og over tid har dei lukkast. Når all djupne forsvinn og vi sit tilbake med overflate overskriftene, så er vegen kort til hjernevasking. Vi er blitt like og rettlinja alle saman.

Men vi må ta til takke med det vi får. Det er nyttelaus å tru vi kan påverke strategien til media. Dei er opptatt av å halde på makt og kontroll, og gi føringar for kva vi skal meine og tru. Og kan fort miste grepet på folk dersom dei presenterer eit vidsyn og lar folk tenkje sjølv. Derfor trur eg dei vil fortsetje å serve oss fjørlette nyheter.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.