Lærdom er lett å bære. Vektlaust og usynleg kveilar den seg fast i kroppen. Det er fort gjort med alt ein kan. Å skru fast ein skrue eller reparere ein ting eller hive seg på sykkelen. Når vi har lært å sykle så vi gløymer det aldri. Seinare skjer sykling intuitivt utan å tenkje eller forklare.
Erfaring er personleg, andre kan berre gi opplæring. Å lære nye ting kan vera tungt og det lett å kjenne redsel for å gjere feil. Men heile livet utfolde seg av feil vi gjer. Slik blir læreprosess ofte ein sårbar prosess. Noko lærdom vi fekk inn med morsmjølka skal vi avlære. Vi skal avdekke reaksjonsmønster og illusjonar som familie og kultur har oppdratt oss med. Skrelle av alle laga med erfaring og finne tilbake til den reine sjela vi er. Oppdage på nytt at store gutar kan gråte og små jenter kan vera stygge. Vi har erfart å mista sjølvtillit. Kunsten er å finne den igjen. Og vi har lært å frykte andre menneske og vera redde ute i den store verda. Slike vranglærdomar har kua oss ned og bunde oss fast. Og låst gleda inne. Kunsten er å fjerne lag for lag med gamal vranglære. Det er som ei japansk dokke, der vi opnar lokket og fjerna den ytre dokka så dukkar det opp ein mindre inni. Og endå mindre inni den. Og slik fortsett det heilt til den innarste inste knøttlitle dokka. Slik kan vi plukke av inngrodd lærdom som ikkje tener oss. Og opne opp for å finne tilbake kjærleikskrafta og elske oss sjølv.
Kunsten er å skape erfaring. Slik at den sit fast. Som eit naturleg instinkt festa fast i kroppen. Erfaring er å gå opp ein stige der trinna fell bort når ein klatrar opp til neste trinn. Det er ingen veg tilbake. Det vi har erfart sitt spikra fast og kan aldri forsvinne. Erfaring er ein vektlaus ballast i kropp og sjel. Og den er evig. Kunsten er å erfare livet.